Andrew James Rabbitt Reserver E-post: andrew.rabbitt@boe.kommune.no NB: For spørsmål om eigedomsskatt må du venda deg til Økonomi Nøkkelinformasjon Ofte stilte spørsmål Korleis avtaler eg eit møte med ein sakshandsamar? Når du har funne sakshandsamaren du ynskjer å snakka med, trykkjer du på “Reserver” for å sjå kalenderen deira og når dei har ledig tid. Vel det ledige tidspunktet som passar deg best. Fyll ut registreringsskjemaet so detaljert som du kan slik at sakshandsamar kan vera best mogeleg førebudd til møtet. Sakshandsamar sender deg endeleg stadfesting på epost. Hugs at møtet ikkje er avtalt før du får stadfesting frå sakshandsamar. Kan eg senda vedlegg til sakshandsamar føre møtet? Ja. Vedlegg som er relevante for sakshandsamar blir sendt på epost føre møtet. Epost til sakshandsamar finn du under kontaktinfo på denne nettsida og i registreringsskjemaet som du fyller ut når du har valt “Reserver”. Kva for plangrunnlag gjeld for eigedomen min? Kommuneplanen sin arealdel finn du på Bø kommunekart, her: https://kommunekart.com/klient/boe/kart Trykk på “Kartlag” ypperst til venstre, so “Plan” og “Kommuneplan” på høgresida av skjermen. Søkjer du då etter din eigedom, skal du kunna sjå kva for plan gjeld, under “Kartlagsinfo for valgt punkt”. Kvar finn eg gards- og bruksnummer til eigedomen min? Du kan søkja opp eigedomen etter adresse på innsynstenesta kommunekart. https://kommunekart.com/klient/boe/kart Må eg søkja? Du må fylgja plan- og bygningsloven (pbl.) når du skal byggja eller gjera endringar på eigedomen din. Sjekk om du må søkja for arbeid på eksisterande bygg ved å bruka Direktoratet for byggkvalitet sin rettleiar. Les meir om kva du kan gjera på eigen eigdom utan å søkja i pbl. §20-3 og Byggesaksforskriften §4-1. Dersom bygninga er søknadsskyldig må du sjekka om du kan søkja sjølv. Dersom du ikkje kan, må fagfolk søkja på vegner av deg. Du kan likavel søkja på å vera sjølvbyggjar om du har kvalifikasjonar og tiltaket er i tiltaksklasse 1 ved å fylla ut skjemaet 5187 på DIBK si nettside (bokmål)(nynorsk). Søkjaren må gjera det sannsynleg at dei har tilstrekkelege kvalifikasjonar ved å senda inn aktuell dokumentasjon. Sjekk byggesaksforskriften (SAK10) §6-8 for meir informasjon. Dersom bygninga ikkje er søknadsskyldig, kan du byggja utan å varsla kommunen på førehand. Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket er unnateke søknadsplikt, og at det blir oppført etter gjeldande reguleringsplan og pbl. med forskrifter. Endå det ikkje er krav til søknad og nabovarsling råder vi til at du varsla naboane om planane dine. Dersom du skal oppføra ei frittliggjande bygning eller eit tilbygg, må du varsla kommunen om bygninga og plasseringa når ho er oppført. Du varslar kommunen ved å senda inn melding om bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt (bokmål) (nynorsk) og situasjonskart som viser plasseringa til bygninga. Situasjonskart kan du skriva ut sjølv på kommunekartet. Er du i tvil, kan du taka kontakt med byggjesakshandsamar. Alle tiltak som er strid med pbl. eller reguleringsplan er søknadsskyldige. Meir informasjon: https://dibk.no/bygge-selv/dette-kan-du-bygge-uten-a-soke/ Korleis søkjer eg sjølv? Desse tiltaka kan bli utført utan ansvarsrett etter plan- og bygningsloven (pbl.) §20-2. Fasadeendring Tilbygg under 50m² (både BYA og BRA), med eller utan kjellar. Frittståande uthus eller garasje under 70m² (både BYA og BRA), inntil éin etasje, med eller utan kjellar. Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel. Reklameskilt og antennesystem. Hovudregelen er at bygningar skal vera minst 4m frå nabogrensa. Om plasseringa er nærmare enn dette må du senda inn avstandsfråsegn frå eigaren av den aktuelle eigedomen. Kvittering på nabovarslingsskjema er ikkje nok. Ho skal i tillegg vera 15m frå midtlinja på kommunal veg og 50m frå midtlinja på riksveg og fylkesveg i uregulerte område. OBS! Om eigedomen din ligg i eit område med reguleringsplan kan denne ha fastsett andre byggjegrenser. I så fall gjeld desse. Om du planlegg noko som er i strid med pbl., kommuneplanen eller reguleringsplan, må du søkja om dispensasjon i eige brev. Du må varsla naboar særskilt om dispensasjonssøknader, og du må gje ei eiga grunngjeving. Jf. pbl. §19. Du må senda inn fylgjande dokument: Utfylt blankett 5153, Søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett (bokmål)(nynorsk) Situasjonsplan Målsette teikningar - plan, snitt og fasadar Utfylt blankett 5155, Opplysningar gjeve i nabovarsel (bokmål)(nynorsk) Utfylt blankett 5156, Kvittering for nabovarsel (bokmål)(nynorsk) underskrive av naboar eller stempla frå postkontoret ved rekomandert sending Eventuell dispensasjonssøknad Eventuell avstandsfråsegn frå nabo. Alle skjema er tilgjengeleg for nedlasting på nettsidene til direktoratet for byggkvalitet. Du kan levera søknaden elektronisk på http://www.byggsok.no eller senda han til kommunen som vanleg brevpost. Kva er BRA og BYA? BRA er bruksareal, det vil seia alle målelege plan inne i bygninga, pluss opne areal med overbygg (som carport eller liknande). Når du måler BRA skal Du ikkje taka med ytterveggane Alle type rom skal målast, endå dei ikkje er innreidde eller kan bli butt i Opne areal med tak (overbygg), til dømes carport, skal målast innanfor søylene. BYA for ei tuft er påbygt areal, det vil seia summen av påbygde areal for alle bygningar, bygningsdelar og konstruksjonar over bakken, ope overbygt areal og naudsynte areal for bilparkering på tufta. BYA er “fotavtrykket” av bygningar, carport, overbygde gardsrom, terrasse som legg meir enn 0,5m over terreng, utkraga bygningsdelar med fri høgd over terreng mindre enn 5m over terreng, parkeringsareal osb. Kva er gesims- og mønehøgd? Gesimshøgd er høgda frå gjennomsnittsnivået på ferdig planert terreng rundt bygninga, opp til skjeringa imellom dei ytre flatene på ytterveggen og taktekkinga. Dersom det står eit takoppbygg eller parapet meir enn 0,3m over takflaten, blir gesimshøgda rekna til toppen av dette. Mønehøgd er høgda til skjering imellom to skrå takflater. Kommunen kan i planføresegner fastsetja høgder på ein annan måte, til dømes frå ferdig planert terreng, eksisterande terreng, gatenivå eller ei fastsette kotehøgd. Kva skjer når søknaden er ferdig handsama? Du må venta på byggjeløyve frå kommunen før du startar å byggja. Eit byggjeløyve kan vera gjeve med vilkår; desse må bli oppfylt før du kan setja arbeidet i gang. Kva kostar…? Sjekk regulativet for 2023 her: https://www.boe.kommune.no/priser-paa-kommunale-tjenester.293451.no.html